For ein gamal agronom er det ingenting som kan måle seg med lukta av solvarm mold

Berre leik…

Skrevet av Heidi Meland
11.03.2017 18:00 - OPPDATERT 11.03.2017 19:00

Endeleg nokre lyse, kalde vinterdagar, slik ein vinter skal vere. Snø på bakken, knirk under solane, klumpar på vottane, sol om dagen, veksande måne og nordlys. Synd for dei som ikkje kom seg ut den veka som var, sjølv om øktene i godstolen også var gjevande, med medaljar i alle valørar. Har du lagt merke til at vi blir best der vi leikar som mest? Det er ikkje utan grunn at det lille landet Norge har gode skiløparar og handballspelarar, vi leikar på ski og med ball heile livet.

Skjønt, vi kan vel leike utan noko formål også? Det er framleis slik at barnehagane må forsvare leiken mot dei som syns at ungane burde komme seg fortare i produktivt arbeid. Og då må dei forklare at leiken er nødvendig for å lære, sosialt, motorisk, kognitivt osv. Jo, sikkert, leiken trengs for å lære, men leik er noko heilt for seg sjølv, det er noko ungar, og av og til vaksne, driv med fordi det er moro, og fordi vi ikkje kan la vere. Og viss vi lærer noko, så er det rein bonus.

Sånn er det også når vaksne skal lære seg å gå på ski. Formålet er ikkje å stille i NM, ikkje ein gong i klubbmeisterskapet. Poenget er å ha det moro. Dei er heilt ukjente med denne leiken, syns det ser moro ut, og får lyst til å prøve. Og aldri har det vel blitt ledd og hiksta og ropt meir i lysløypa på Inndyr enn på skikurs for tilflyttarar. Løypa er full av armar og bein i vase med ski og stavar, og mangt eit akterspeil får seg solide smell i møte med bakken når skiene forsvinn under den ferske skiløparen.

Eg beundrar kvar vaksen person som friviljug tar på seg to glatte fjøler under beina for å gli på dette ukjente underlaget av is og snø. Og mens instruktøren styrtar til unnsetning for å greie opp det neste merkelege fallet, med eine skia i buskaset og den andre inni jakka, ler både den forulykka og kompisane så dei fell som floger berre av synet. I starten er det nok å snu seg, og dermed flyg skiene til vers og rompa i bakken. Men to tre økter går det betre, og om ikkje lenge setter dei nedover bakkane med triumferande hyl.

Om leiken er lærerik? Kem veit. Moro er det i alle fall!

Les mer om:

Arkiv Petit