Det er den draumen

Skrevet av Heidi Meland
10.11.2016 12:24 - OPPDATERT 10.11.2016 13:24

Det er den draumen me ber på at noko vedunderleg skal skje, at det må skje – at tidi skal opna seg, at hjarta skal opna seg, at dører skal opna seg, at berget skal opna seg, at kjeldor skal springa – at draumen skal opna seg, at me ei morgonstund skal glida inn på ein våg me ikkje har visst um.

Olav H. Hauge sitt vakre dikt blei i haust kåra til det beste diktet i Norge gjennom tidene. Om vi ser bort frå det absurde med slike kåringar, og om vi let teksten røre oss meir enn eit kva som helst slags popularitetsbarometer, så er det jo nettopp draumen som gjer det verdt å stå opp om morgonen, sjølv i november, ta tran, ete gryn og surmjølk og gå ut i dagen.

Draumen om at store, fantastiske USA snart skal finne seg eit ekte idol å dyrke, ein King eller ein Gandhi. At klovnar og bandittar blir sette på plass. Draumen om at syrarar og andre som er jaga heimanfrå skal kunne reise tilbake. Draumen om at våpen blir smidd om til plogstål, som det står i songen, om at alle atomvåpen blir øydelagd. Draumen om rettferd og velferd for alle, ikkje berre for dei rike. Draumen om at vi sluttar å bere ved til det bålet som skapar fattigdom, øydelegg naturen og gjer verda til ein stadig farlegare plass for alle. Draumen om

At noko vedunderleg skal skje

Slik at mitt vesle liv skal henge saman med det store livet. Når eg går ut i novembermorgonen, på den frosne grusvegen, med ein lysnande himmelkvelving over meg. Skuttar meg mot frosten, tenkjer på gjeremåla som ventar. Skal eg berre vente på

At tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg

Det er så langt herifrå til Doha og Lampedusa, til TTIP, TISA og TPP. Norge og Europa vil bli den mest kompetitive regionen i verda. Vi skal vinne. Dei andre må tape. Vi har vunne. Det kjennest likevel ikkje godt å vere vinnar blant så mange taparar. Eg vekslar gjerne min rikdom mot trygge og fredelege folk i Midtausten, som ikkje treng å flykte heimanfrå eller sprenge meg i lufta. Men då må dei heller ikkje bli evige taparar. Er det ikkje ein annan veg?

At draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Les mer om:

Arkiv Petit